Ole G Steen: NEI OG ATTER NEI
Vi må normalisere bruken av insekter og larver i matlaging, seier, gründer i Invertapro. Det er han ikke aleine om å meine. For at verda skal kunne produsere nok mat på ein berekraftig måte, må vi sjå på alternative proteinkilder. Neste år får Voss en larvefabrikk som skal produsere 10 tonn larver i veka. Fabrikken vil bli den første insektfabrikken i Norge.
EU kommisjonen har no godkjent 6 ulike insekter til produkt i matproduksjon og Norge har slutta seg til 4 av desse.
Det ikkje-demokratiske organet Kommisjonen har no tillete dette som grunnlag for menneskeføde. Godkjenning av slike produkt har pågått over fleire år og er ikkje av ny dato.
Det aller verste er altså at våre styresmakter godkjenner dette. Nei kanskje ikkje så rart vi er jo underlagt EU gjennom EØS og skal sjølvsagt vere den flinkaste guten i klassen.
Alt dette skjer fordi vi er på veg inn i det «grønne skiftet» på grunn av «Klimakrise». Over lengre tid så er målet at kjøttforbruket skal ned. Vi skal over på meir plantebasert mat. Dette for å redusere mitt og ditt karbonavtrykk, mens eliten selv reiser rundt i privatfly og spiser wagyu biff i Davos.
Isolert sett er dette ikkje heilt dumt ettersom vi vår del av verda har mange mennesker med overvekt. Likevel er det tvilsomt fordi det ideologiske bakteppet blir feil.
Så har ein innsett at vi mennesker treng mat med proteiner og her er det larver og hussiriss kjem inn i biletet.
Er du klar over at MENY alt frå våren 2019 har hatt eit brød i sitt sortiment som inneheld ein del tørka mjølbillelarver som i henhold til butikken er for å ufarliggjere framtida sin mat og proteinkilder. I tråd med korrekt politisk haldning så er insekter framtidas mat i eit berekraftsperspektiv og definert som mat for framtida. Butikkkjeden testar no ut kor mottakeleg du som kunde er gjennom å tilby larver gjennom brød!
Det er jo tross alt litt framandt med larver i det norske kosthaldet.
I stoff rundt bruk av denne type ingrediens i matvarer blir det peika på at ein må vere litt varsam med bruken fordi nokre er skalldyr og skallet inneheld kitin.
Kitin blir rekna som eit ufordøyeleg fiber og kan gi allergiske reaksjonar hos nokre av oss.
Uansett så er denne utviklinga noko Konservativt ikkje ønsker å støtte. Derfor seier vi nei til EØS avtalen i si noverande form og ønsker å reforhandle avtalen som i realiteten er noko langt meir enn ein handelsavtale.